Gravhaugen på Hjelle

Gravrøysene er plassert fram på terrassekanten mot elva og herfra er det vidt utsyn til dalføret nedanfor.

Gravrøysa er nok plassert slik for at ho skulle sjåast  på lang avstand i landskapet.

Den framtredande plasseringa har og ei sterk symbolsk meining.

Gravrøysa ligg typisk for graver i folkevandingstida (400-570 år e.kr.)

 

Det har lege enda ei gravrøys berre 15-20 meter lenger aust, også denne låg framme på terrassekanten, eller rinden. Det har med andre ord lege 2 godt synlege gravminne på terrassen

 

Gravhaugen på Strinda ligg i grensa mellom dei 2 bruka på Hjelle.

Eivind De Lange foretok utgravinger i 1910, og det blei da avdekka ei grav fra eldre Jernalder.

Våpena som er funne viser at den gravlagde var ein mann, og han hadde fått med seg fullt våpensett til neste livet. Han låg med hovedet mot aust, sverdet og spydet låg ved venstre sida hans, og skjoldet låg midt i grava.

Her låg også ein beltestein til å gjere opp eld med.

 

Gravhaugen blei da verna og registrert i fornminneregisteret.

Det blei gjort 13 funn som idag er oppbevart ved Bergen Museum som har beskrivelsen om funna.

 

I fobindelse med utbygging av Anga Kraft AS blei det i 2017 foretatt arkeologiske registeringer i utbyggingstraseen.

 

Arkeologisk beskivelse

Gravminne

Kart

Registrerte kulturminner på Hjelle


Du kan også lese om kulturminna på Hjelle i Førde Historielag sitt historieskrift for 2010.

Copyright © Hjellesida eiges og drives av: Ove Aasen, Hjelle 6811 Førde