
EIGEN GARD.
Av: Helene Indrebø (1889-1955)
Har du kjent den djupe sæla
Når du eig ein liten flekk
Der du ikkje treng fæla
For at du må ha deg vekk
Der du trykt kan setja foten,
Kjem du tidlig eller seint
Her det ikkje spyrst om moten
Alt er i seg skjølv så vent
Ynskjer du ein blom i stova
Kan du berre ta av stad
For han veks just ut om nova
Står der rank med friske blad
Har du kjent den fine angen
I frå høy og kålgrønt gras
Har du høyrt på fuglesongen
Då lat opp ditt stengde glas
Lat det fløyma inn i stova
Summarluft så rein og linn
Inn til dei som er i kova
Og som ut seg ikkje vinn
Hender det at du er sliten
Trøtt av mas i tun og gard
Kjenner du deg stundom liten
Og av mot du lite har
Gå då beinast bort mot løa
Set deg i eit bakke hell
Sjå så på den rike grøda
I den seine sommarkveld
Då eg tenkjer alt seg lagar
Kjenn kor vinden viftar linn
So i hugen din det agar
Og det lysnar i ditt sinn.
