Hjelleslåtten

Bildet er fra 1959, og utlånt av Geir Eikås som en ser står på tunet ved løa.

Moses Berntson Støfring kom til Førde frå Støfringsdalen i Jølster. Han hadde teke seg teneste på garden til Hans Torsteinson Hjelle, og fekk bygsle Hjelleslåtten av han.

Moses tok namnet Hjelle. Det var vanleg at dei tok namnet der dei busette seg når dei fekk gard eller plassar.

Moses Berntson Hjelle var husmann på Hjelleslåtten frå 1853 til 1907, saman med kona Karolina Andersdotter som var født på denne husmannsplassen i 1823.

 

Det var foreldra til kona Karolina, Anders Nilson Hjelle og Trone Anna Marie Hjelle som hadde hatt bygselen før.

 

Moses og Karoline fekk sønene Anders og Bendix, og døtrene Throne og Anne Sofie.

Bendix gifta seg med Hanne Hagenes Hjelle og flyttet til Bergen, der han i 1873 starta Bendix M Hjelle`s Farvehandel i Strandgata 82/84.

Fima annonsert på 1930 tallet betydelig i Firda, og eksisterer idag som eit eigedomsselskap i Bergen.


Ved folketellinga i 1920 var det Andreas Oliver Moseson Hjelleslaaten og Emirense Eikås Hjelleslaaten som budde der.


I 1958 blei tunet skilt ut fra bruk 1 og Nikolai og Oddlaug Eikås bygde seg nytt hus her.


Imidlertid kan det sjå ut som at Hans Torsteinson Hjelle ikke hadde rett til å bygsle bort Hjelleslåtten til Moses og Karoline i 1853. Han hadde allerede bytta garden 24/1 med Slåtten, samt at utskiftingspapira fra 1830 viser at Hjelleslåtten tilhørte bruk 2 på Hjelle.

Send oss en e-post