Hjellestøylen er eit svært mykje brukt turområde for folk i Førde, og er flittig besøkt året rundt, enten en er på vei videre til/fra Førdenipa eller Steinheia. Her finner du meir informasjon om Hjellestøylen fra gamal tid, samt bilder og informasjon fra brukarane av området i dag.

 

Historia om Hjellestøylen

Eg er så gammal at eg ikkje fullt veit fødselsåret, men truleg omkring 1865 - 1870.

Eg var eit lite sommarsel ca. 2,5 x 3 meter. Fjøs var og med, med bandfeste for 7 – 8 kyr. I min ungdom hadde eg ljore i taket, men seinare fekk eg vedovn og skorstein.(ca. 1920)

 

Eg har overlevd fleire eigar familiar, men den noverande fam. Aasen har eg tjent lengst (sidan 1919).  Ola Aasen var den siste som dreiv ordinær stølsdrift, fram til 1950. Sidan har eg hysa mine gjester meir for Jakt, Fiske og Tur opplevingar.

 

Min trufaste sambuar ”Fjøsen” knakk saman under store snømengder på midten av 60 tallet, men heldigvis vart han restaurert i 1994, og eg er mektig stolt over at sambuarskapet  kan fortsette. Eg sjølv fekk nytt torvtak og kledning/isolasjon i 1992.

 

Mine gode naboar gjennom mange år har dessverre falt saman, men gode grunnmurar fortel om eit godt og minnerikt fellesskap på Hjellestøylane.

I vår beste tid var det stølsdrift med storfe i 3 fjøsar og med stølsjenter i 3 Sel.


Du verden kor mykje eg fekk oppleve. Det går ikkje å fortelje alt, men kanskje nokre få episodar: bl. a om dei 3 gutane som hadde vore på fisketur til Kvangre, men fått lite fisk, og på heimturen braut dei seg inn hos meg, dei åt opp ein stor rømmeaske, tømde skjøret i senga, dreit i asken og sette den på bordet.

Stakkars stølsjenta den gongen, ca. i 1916 (Astrid Sårheim)

Den eine guten vart seinare fylkesmann.

 

Under krigen, eg trur det var i 1944, fekk eg ei natt, besøk av ein flyktning, han takka med desse ord:

”For husrom i natt, ein hjartans takk, no dreg eg i veg, og fin vel att, ei seng for neste natt.”

 

Ført i pennen av Olivie & Odd Aasen

 

 

I 2011 og 2012 blei det på nytt foretatt vedlikeholdsarbeid på Hjellestøylen, da begge husa blei nybeisa, samt at endeveggen vart måla i same farge som resten. Den gamle kledningen på denne veggen er hold mest mulig inntakt pga. merking som er satt på innsida fra da det blei bygd.

Høsten 2012 kom det også nytt torv tak på selet.


Sommeren 2023 var det ny dugnad på støylen da vestveggen blei skiftet.

 

Jorunn & Ove Aasen