Hjellesida

 

 

I den over 10 km lange Angedalen er det kjente arkeologiske funn på bare to gardar, Hjelle og Furebøen.

 

Dei arkeologiske funna dokumenterer i utgangspunktet at disse to gardane var i drift i Jernalderen då gravminna vart laga.

Mange av dei andre gardane har nok også har vore i drift på same tida, men disse to gardane har hatt ein maktposisjonar i dåtidas samfunn.

Eit av grunnlaga til slike posisjonar synest å vere lokalisering,da dei to gardane har lege lagleg til for kontroll av ferdsla i dalføret.

 

På Hjelle ligg det ei markert gravrøys att i dag. Det er og opplysningar om at her har lege minst to gravrøyser til i Storeåkeren.  Storeåkerhaugen som gravrøysa heiter, og er rimeleg godt synleg frå fylkesvegen.

Steingarden, som markerer grensa mellom dagens to bruk på Hjelle, går helt ned til røysa.

 

Gravrøysa er plassert frampå terrassekanten mot elva, og herifrå er der vidt utsyn til dalføret nedanfor.

Gravrøysa er nok plassert her for at ho skulle bli sett på lang avstand i landskapet.

Den framtredande plasseringa har si symbolske meining.

Sjølve gravrøysa er ca. 15 meter i om krets og ca. 0,5 meter høg.

Der var ikkje kjente gjenstandar som kan gje opplysningar om når ho blei bygd, men gravrøysa ligg typisk til for graver i folkevandringstid (år 400-570)

 

Det interessante er at det har lege enda ei gravrøys frå same tidsrommet berre 15-20 meter i austleg retning. Også denne låg frampå terrassekanten eller rinden.

Det har med andre ord lege to godt synlege gravminne på terrassen.

 

Grava i den østelege gravrøysa blei  arkeologisk undersøkt i 1910.

Den overliggande steinrøysa var då ei stund tidlegare blitt fjerna ved dyrking.

Ved pløying kom ei hellekiste fram og museet i Bergen blei kontakta. Hellekista vart undersøkt av arkeolog Eyvind Lange.

Han kunne konstatere at sjølve hellekista var 2 meter, 30 - 40 cm brei og 60 cm djup og orientert tilnærma aust - vest.

 

Våpena viser at den gravlagde var ein mann, og han hadde fått med seg fullt våpensett til det neste livet.

Han var lagt med hovudet  mot aust, sverdet og spyda låg ved venstre sida og skjoldet var lagt midt i grava. Her låg også ein beltestein til å gjere opp eld med. Den var nok festa til mannen sitt belte.

Det var ellers ingen ting att av dei fine kleda som han hadde blitt gravlagt i.

 

Under Vikingtida fleire hundre år seinare, blei også ein mann  heimehøyrande på Hjelle gravlagd. Denne gangen nytta ein også terrengformasjonane, no var det ein naturleg haug ved terrassekanten mot Gryteelva.

Haugen var i nyare tid nytta som grustak og over mange år var det blitt køyrt sand og leire derifrå.

Så blei det gjort funn under ei stor helle og nokre små steinar, låg det eit sterkt rusta sverd og ein jarnkjel med botnen i vêret.

 

Museet blei varsla, og arkeolog Håkon Schetelig undersøkte funnstaden. Det hadde vore ein stor haug, over 20 meter i tverrmål og 2,3 meter høg.

Den øvste meteren var jord og stein som var lagt over grava.

 

Landskapet på Hjelle tyder på at det er svært rimeleg at det har lege førhistorisk gardstun nær inntil eller på Storeåkeren.

I forbindelse med kraftutbygginga, undersøkte arkeologar rørgatetrasèen i 2017, og fant  8 varmegroper i Storeåkeren. 4 av disse er registert som kulturminner.

Dette bekrefta førhistoriske klyngetun på Hjelle og i området rundt Storeåkeren

Det har nok ikkje vore feire gardstun samstundes på garden.


                                                                                                                                                                 Kilde: Førde Historieskrift 2010

Gravminner og strategisk plassering

Copyright © Hjellesida eiges og drives av: Ove Aasen, Hjelle 6811 Førde


Logg inn