Kulturminner.

Gravrøysa er nok plassert slik for at ho skulle sjåast  på lang avstand i landskapet.

Den framtredande plasseringa har og ei sterk symbolsk meining, og dokumenterer drift på Hjelle alt på 400 talet.

 

Lokaliseringa tyder på at Hjelle hadde ein maktposisjon på denne tida, då den låg lagleg til for kontroll av ferdsla gjennom Angedalen.

 

Dette skriv Førde Historielag i si Historieskrift  for Førde 2010


Les meir her 

Fosser og stryk

Elva Anga renner gjennom Angedalen og forbi Hjelle.

På si ca 1 kilometer lange reise forbi Hjelle, har ho noken av dei største og flottaste fossefalla.

Elva har vore gjenstand for forskjellig bruk til alle tider, fra lokale Sagbruk og Kvernhus, til framtidas kraftverk.


Bildet er fra ca.1919

Alt i 1626 er restane etter flaumsaga på Hjelle nevnt. 

I fogden si Jordbok fra 1626 står det under Hjelle oppført at det var rester etter ei lita flaumsag, «som nå hadde vært øde ei stund».


I 1563 måtte Erich Hielle betale 1,5 dalar i skatt for flaumsaga.


Flaumsaga kan ein fortsatt sjå murane etter, og kan dermed tidfestast kanskje heilt tilbake til 13-1400 tallet.

Grensa mot Ramstad.

Her går eit gammalt steingjerde heilt fra fylkesveien og opp under fjellet.

 

I grensemuren ligg også restande etter etter ei utmarksløe og fjøs.

Denne har nok blitt brukt av plassen Hjelleslåtten, men ligg på Hjelle (24/2) sin eigedom.

 

Både dette og grenseoppgangen i utmark fra 1830 bekrefter dette.

Namnet Hjelle tyder flate eller avsats i landskapet. 

Det er usikkert å datere gardar på bakgrunn av gardsnamn, men det er likevel verdt å nemne at namn som fortel om naturfenomen og -formasjonar, og som ikkje er satt saman av fleire ord, vert rekna som den eldste typen stadnamn i Norge.

 












Hei!

Har du tips og ide om meir vi kan skrive om på Hjellesida?


Send meg en mail, eller bruk kontakskjema.

Steingjerder

På Hjelle er det opplagt steingjerde som grense mellom innmark og utmark i utgangspunktet heile vegen fra Holtane til grensa til bruk 1. Også innmarksgrensa mellom bruk 1 og 2 er avgrensa med eit steingjerde.

Dette er gamle gjerde, der det eldste er nevnt i Jordskiftepapir frå 1830.

Deler av steingarden mot utmark kan kanskje tidfestast heilt tilbake til vikingtida, eller tidligare.

Steingarden mellom bruk 1 og 2 går nok tilbake til delingen av gården, på 1600 tallet.

  

Disse steingardane er også registert som kulturminner i forbindelse med utbygginga av linja mellom Fardal og Ørskog

Husmannsplassar

Kristina "med Gryta" budde ved Gryteelva rett innanfor brua og ned om vegen.

I tillegg har det vore husmannsplassar i utmarksgrensa ved Høgkleiva og Teigmyra.

Førde Kirke, år 1328.

To Mænd optage Vidnesbyrd om, at Kolbein Glumssön havde lyst, at 12 Leiekjör, han havde udsat hos forskjellige, skulde tilhöre hans Hustru Gislaug tillige med hendes Gangklæder og Seng. 

Sju av disse kyrene var plassert hos Æirik a Hialla (Eirik Hjelle), dette er første dokumentet som omtaler Hjelle og finnes idag hos riksarkivet.