Daniel Aaasen

1904 -2001

Gården på Hjelle, og familen var den store drivkrafta for Daniel i heile hans liv.

Fra gamle brev og papirer til sin bror Ola Aasen, kan ein lese at Daniel var opptatt av korleis ein skulle sikre seg og sine, ei betre framtid. 


I 1936 under studiar og arbeid i Trondheim, skreiv han heim til Hjelle om at ein måtte bestille 2-3000 granplanter som han skulle ta på seg å plante ut, når han kom heim til sommaren. Samtidig hadde han sett seg godt inn i korleis skogteigane skulle utformast, og la planer for årleg utplanting.

Daniel hadde mange planer for korleis han kunne hjelpe brødrene John og Oddmund til å få til eigne virksomheter som dei kunne leve av, og å hjelpe Ola med det viktigaste – Hjelle. Han var tydelig opptatt av at John ikkje fant seg til rette i livet, og at Oddmund brukte pengar på det han meinte var unyttige ting, som fine bilar. Men uansett stilte han opp og «lånte» dei pengar når det var nødvendig.


På slutten av 30 tallet reiste han til sjøs, men breva heim til broren på Hjelle kom fram, enten dei var fra USA, Japan eller Europa ein stad. Under krigen, når han var i Australia, gav han råderetten over kontoen sin i ein bank i Bergen, til Ola Aasen, for at han skulle kunne sikre garden og familen heime med penger frå denne, om nødvendig. Imidlertid tok det lang tid å få ordnet dette, hos daværende myndigheter.

I rettsaka mot Sårheim sitt dødsbo, etter krigen, stod også Daniel bak og trekte i tråane. Både som vitne i saka, og nok også ved å dekke kostnader. Mykje kan tyde på at han dekka bl.a. dei 4.500 kronene som ein måtte løyse ut pant på i 1950. Dette kan forklarast med at det utfra rettsdokumenta kan sjå ut som han hadde fått låne 3000 kroner på 1930 tallet med pant i Hjelle. Dette må da ha vært godkjent av Ola Aasen, som eigar. Mest sansynleg var dette for å finansiere utdanninga i Trondheim.

 

 

På 50 talet var han også med i planlegginga av ny fjøs/løe på Hjelle, men det er uklart om han da bidrog med pengar. Han var og tydelig på at alle måtte utnytte dei billege bustadlåna som ein kunne få på 50 talet, og var svært fornøgd då Aasmund hadde tatt seg arbeid utan for garden.

Sjølv var han forundra over «den nye tida» der ein skulle låne pengar og sette seg i gjeld, no når Hjelle endeleg var gjeldfri etter nesten 30 års kamp.


I 1955 skriv han heim til Hjelle og fortel om da han les i Osloavisa om soldaten Odd Aasen som miste livet i ei skyteulykke i Kristiansand. Han fortel om at han og John takkar dei høgare makter for at det var ein anna Odd Aasen som hadde mista livet, men at dei hadde kjent på fortvilelsen som hans familie no måtte ha.

I breva på 1930 tallet skildrar han også av og til livet i Trondheim, og at trøndarene virka tiltakslause og likesæle.


Han var også opptatt av at når han var på dans, så måtte han bruke tid på å finne rette dansepartneren fordi dei trønderske jentene var så «store», men at han hadde stor glede av å danse Rørospols med dei.

I heile perioden fra 1930 og frem til 1960 tallet var det tydelig at Ola og Daniel diskuterte tida og framtida saman. Han var opptatt av at ein skulle vedlikeholde huset, legge inn vatn og bygge bad/toalett. Men mest var han opptatt av å dyrke opp jorda frå Bøaløa til Holtane. Han ville bl.a. kjøpe ein lastebil slik at ein kunne legge om vegen og kjøre til masser, samt sprenge vekk fjellknausane. 


Deler av dette fekk han oppleve, og ferdistillinga av siste del av planane blir gjennomført i 2012/13

Etter at Ola døde i 1965, flytta Daniel tilbake til Hjelle og tok del i arbeidet på garden, og ikkje minst i stellet av granskogen som han var ansvarlig for vart planta på 1930 tallet.

Under kartlegginga som Statnett fekk utført i forbindelse med bygginga av linja mellom Ørskog og Sogn, uttalte skogekspertane at det var den flottanste granskogen dei hadde sett.


Ansvaret han følte for garden på Hjelle tok dermed ikkje slutt, sjølv om ein ny generasjon overtok. Daniel si livsgjerning fortsatte videre, i over 30 år til.


Daniel døde 9. januar 2001, nesten 97 år.

 

«Folk jeg var glad i
har gått foran og kvistet løype
De var skogskarer og fjellvante.
Jeg finner nok frem.»


Kolbein Falkeid

 

Copyright © Hjellesida eiges og drives av: Ove Aasen, Hjelle 6811 Førde