Hjelle under Folkevandringstida


I folkevandringstida var garden ikkje berre staden der ein levde og arbeidde. Han var også ein måte å forstå verda på. Inndelingane i gardstun, innmark og utmark var eit spegelbilete av den norrøne mytologiske inndelinga i Åsgard, Midgard og Utgard.


I folkevandringstida (400–550) var livet på garden ordna etter det arbeidet som måtte gjerast ute på markene: Såing og hausting og arbeidet med å bringe og hente dyr på beite. Inne på tunet trona langhuset, av og til saman med enkelte mindre bygningar, omgjeve av åkrar og enger. Her hadde ein kyr, sauer, gris og høns. Dette var innmarka.


Men arbeidet gjorde også at ein drog lenger bort, for å følgje kyr og sauer på sommarbeite, drive jakt og fiske, samle inn viltveksande planter, bær, nøtter og sopp, og for å vinne ut jern frå myrar til å lage verktøy og våpen av.

Gar­den og innmarka var klart avgrensa frå denne utmarka, ofte med gjerde av stein eller ein skigard.